Lunsj og lyrikk – Åkeren på Manhattan
Åsmund Bjørnstad, professor i planteforedling ved NMBU, har skrevet nye dikt. Kom på Lunsj og lyrikk onsdag 13. juni kl 11.30, og opplev poetens ode til DNA-molekylet, havren og hønsehjernen.
Agnes Denes (f. 1931) er ein amerikansk konseptkunstnar og pioner innan økologisk land art. Våren 1982 sådde ho installasjonen Wheatfield – ein konfrontasjon – ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan. Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4.5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks. Hendingane den 11. september 2001 gav installasjonen ein ny og tydelegare relevans. I 2018 diktar Åsmund Bjørnstad om denne berømte installasjonen og skriv odar til mellom anna DNAmolekylet, til havren, til steinkolet og til kval oljen, dikt som omfattar natur, teknologi og menneske.
Om forfatteren
Åsmund Bjørnstad (f.1951) debuterte med diktsamlinga Innlandskap i 1994 og har sidan gitt ut dikt, gjendiktingar (av m.a. John Donne, Rainer Maria Rilke, Dylan Thomas og Tony Harri son) og populærvitskaplege bøker, sist Vårt daglege brød. Kornets kulturhistorie. Han er professor i planteforedling ved NMBU på Ås.
Mat og drikke
Vi serverer noe godt i glasset til alle som kommer på arrangementet. Vitenparken Kafé er åpen og her kan du bestille en deilig suppe, frisk salat eller smakfull varmrett til lunsj.
End date
06/13/2018
-
Åsmund Bjørnstad (f.1951) debuterte med diktsamlinga Innlandskap i 1994 og har sidan gitt ut dikt, gjendiktingar (av m.a. John Donne, Rainer Maria Rilke, Dylan Thomas og Tony Harri son) og populærvitskaplege bøker, sist Vårt daglege brød. Kornets kulturhisto- rie. Han er professor i planteforedling ved NMBU på Ås.